om moberg energi

Rein norsk vasskraft

Norsk vasskraft har vore berebjelken i samfunnet vårt i nesten 150 år. Det kjem den til å være i lang tid framover også. Forskjellen frå utbyggingar i gamle dagar og idag er at det blir stilt strenge krav til utbyggingar i dag gjennom tilpassingar til miljø og landskap. Dette skjer gjennom at prosjekta gjennomgår ein grundig søknadsprosess, der utgreiingar for miljøtema som kan tenkjast å bli påverka av prosjektet blir undersøkt av sertifisert personell og konsekvensvurdert. Deretter blir prosjektet utforma i ein søknad som blir sendt på høyring til vertskommune, Fylkeskommune/Fylkesmann og interesseorganisasjonar (Naturvernforbundet, DNT og liknande). Gjennom høyringsrunden kjem det fram korleis desse høyringspartane vurderer prosjektet ut i frå miljøkonsekvensar og samfunnsføremonn. Til slutt er det NVE og Olje- og energidepartementet (OED) som avgjer om konsesjon kan godkjennast eller avslåast basert på tilråding frå høyringspartane og tilhøyrande fag- og samfunnsvurderingar av NVE/OED.

Som i gamle dagar gjev prosjekta viktige inntekter til samfunnet. I dagens samfunn er det kanskje like viktig at prosjekta er med å gjev samfunnet fornybar energi slik at vi igjen kan erstatte fossile energikjelder i framtida.

Heile prosessen frå elv til ferdig kraftverk krev kløkt, tolmod og kompetanse. Gjennom nesten 20 år har stiftaren av Moberg Energi AS vore med å på å realisere over 300 samfunnsnyttige vasskraftprosjekt til glede for grunneigarar og utbyggingsselskap. Dette ønskjer Moberg Energi AS å være bidragsytar til i framtida også på plassar «der ingen skulle tru nokon kunne bygge vakker vasskraft».

Ta kontakt for ein kraftprat!

Samfunnsnyttig
vasskraft