Kompetanse

Konsesjonsprosessar

For å kunne starte bygging av eit kraftverk treng ein godkjenning eller konsesjon som det heiter på fagterminologien. Moberg Energi har hatt hovudansvaret for fleire hundre prosjekt gjennom 20 års arbeid i bransjen og kan vise til høg suksessrate for dei prosjekta som er søkt om. Det finst ingen snarveg til ein konsesjon. Dette krev nøye planlegging og god tilrettelegging og hardt arbeid. Vi legg til rette for ditt prosjekt og gjennomgår potensialet som ligg der for å utnytte ressursen på skånsam og samfunnsøkonomisk måte for grunneigar/selskap.

Revisjonar eldre anlegg

Konsesjonar som er tildelt med vilkår omrevisjon krev ein grundig og ny gjennomgong både av miljø- og landskapstilpassingar sett opp i mot erfaringar frå mange års drift. Dette for at tidlegare vurderingar av dette blir tilpassa dagens syn i samfunnet på dette. Dette vil kunne medføre strengare konsesjonsvilkår, men det vil også kunne gje oppgraderingar og meir fornybar produksjon ettersom ny teknologi har medverka til ei betre utnytting av prosjekta. Desse viktige vala og vurderingane krev at ein kan sjå «heilskapen» for at prosessen skal kunne bli til det beste for samfunnet.

Tinglysing og kommunale avklaringar

For å eige eit kraftverk krev det konsesjon og godkjenning frå vertskommune. Dette søknadsarbeidet krev god oversikt over lovverket rundt dette samt at ein også innrettar vilkåra på ein slik måte at fall- og grunneigaravtalar er tilpassaleigeavtalar med selskapet som eig prosjektet. Dette er i har vi gjort formange grunneigar og selskap og kjenner kva som må til for å få dette på plass. 

Tilknyting til straumnettet

Noko av det viktigaste i ein planleggingsfase er å få oversikt over forholda for nettilknyting. Det hjelp lite med konsesjon og eit godt prosjekt utan tilknyting til nett. Her er det diverre fleire ting å være obs på for at dette skal gå så smidig som mogleg. Dette krev både planlegging, kompetanse, nettverk og kunne vurdere regelverket for dette (Energilova). Moberg Energi har vore ansvarleg for tilknyting av fleire hundre anlegg.

Bygging og drift

Bygging- og driftsfase er den mest verdiskapande fasen for eit prosjekt. Denne fasen bør ikkje utførast aleine, men av ei tverrfagleg gruppe som kan optimalisere alle dei ulike delar av prosjektet. Stiftaren av Moberg Energi utført utbyggingar og driftsfase for fleire anlegg både som dagleg leiar og prosjektansvarleg gjennom koordinering og sette opp kompetent prosjektgruppe. Vi har i den forbindelse referansar frå fleire suksessfulle utbyggingar som kan forespørjast om interesse.

Selskapsgjennomgong og vurdering av prosjekt (Due diligence)

Ved finansiering, verdivurderingar eller kjøp og sal av prosjekt krev ein både teknisk, økonomisk og juridiske vurderingar. Slike vurderingar krev tverrfagleg kompetanse og stiftaren av Moberg Energi har vore med å legge til rette for fleire titals slike prosessar både på vegne av seljar, kjøpar og også i prosessar med ny finansiering.

Samfunnsnyttig
vasskraft